Fordeling av kostnader
Som leigetakar på verkstadene våre skal du dekke ein forholdsmessig del av felleskostnadene og driftskostnadene til verkstaden. Du skal også dekke kostnader knytt til dei eksklusive areala dine på verkstaden.
Under finn du nokre eksempel på kva som kan vere inkludert i dei ulike kostnadene, føresett at tenestene som er lista opp blir tilbodne på verkstaden. Det som faktisk inngår i kostnadene kan variere over tid, til eksempel som følge av at vi innfører nye servicetilbod, eller ved endringar i lovverk og reguleringar.
Felleskostnader
Som leigetakar skal du betale ein forholdsmessig del av felleskostnadene for verkstadsområdet. Eksempel på kva som kan vere inkludert i felleskostnadene er:
- straum til oppvarming, belysning og drift av fellesareal og felles installasjonar
- olje, gass o.l. til oppvarming av fellesareal og andre fellestenester
- offentlege avgifter som vatn, kloakk, feiing og renovasjon
- eigedomsskatt
- vaktmeistertenester
- reingjering, renovasjon og skadedyrnedkjemping
- tilsyn og vedlikehald av fellesområde og felles installasjonar
- resepsjon, vakthald og kantinetenester
- utandørs rydding og vedlikehald, gartnartenester og snømoking
- sporkoordinator
- eventuelle nye særlege skattar og avgifter
Driftskostnader
Driftskostnader er utgifter til drifta og vedlikehaldet av verkstaden. Eksempel på kva som kan inngå i driftskostnadene er:
- planlagt og uventa vedlikehald av maskiner og utstyr
- årlege kontrollar og utbetringar av maskiner og utstyr, inkludert delar og materiell
- leie av maskiner og utstyr
- driftsmateriell
Leietakerkostnader
Leietakerkostnader er utgifter knytt til dei eksklusive areala dine. Eksempel på kva som kan inngå i leigetakarkostnadene er:
- straum og fjernvarme til dei eksklusive areala og installasjonane dine
- vassforbruk i dei eksklusive areala dine
- reinhald du har bestilt for dei eksklusive areala dine
- drift av kontaktleidningsanlegget (inngår i felleskostnadene viss det er fleire leigetakarar på verkstaden)
- industrivern (inngår i felleskostnadene viss det er fleire leigetakarar på verkstaden)
Fordeling og avrekning av kostnader
Kostnadene blir fordelte basert på den fordelingsnøkkelen som gjeld for verkstaden når du inngår kontrakten med oss. Dei kan justerast viss det skjer endringar i leigeforholdet. Viss enkelte leigetakarar står for ein uforholdsmessig stor del av kostnadene, tek vi omsyn til det i kostnadsfordelinga.
Som leigetakar skal du betale eit kvartalsvis à-kontobeløp for kostnadene over. Den endelege avrekninga gjer vi etter slutten av rekneskapsåret.
Sjekk leigekontrakten din for meir detaljert informasjon om kva du skal betale for.