W-teikning: Grunnerverv W-teikningar omfattar grunnervervsteikningar. På denne sida finn du eksempel på korleis slike teikningar kan utformast. Hovudplan Forstørr bildet Teikning som viser grunnlaget for areal og grunnerverv i målestokk 1:3000. Teikninga er grunnlaget for kommunedelplan og ev. reguleringsplan overfor planstyresmaktene. Teikninga inneheld ei oversikt over ramma grunneigarar. Kartet bør vise tilkomstmoglegheiter og areal for rigg- og deponiområde. Alle tekniske installasjonar som krev areal ut over det arealet som ligg innanfor jernbanearealet, må takast med, inkludert basestasjonar og antenner. Det er viktig at behovet for alt arealbehov er teke med, då det er uheldig å måtte komme med ei utviding av arealbehovet etter at reguleringsvedtaket er gjort. Forstørr bildet Teikning som viser eit grovt areal og grunnervervkart. Teikninga inneheld ei oversikt over alle ramma grunneigarar vist med kodar og fargar. I teiknforklaringa er alle eigedommane viste med fargar og kodar med referanse til liste. Detaljplan Forstørr bildet Forstørr bildet