I-teikning: Kablar, føringsvegar og fundament
I-teikningar viser eksisterande og nye kablar, føringsvegar og fundament. På denne sida finn du eksempel på korleis slike teikningar kan utformast.
Utforminga av teikningar skal følgje krav i «STY-602913 prosjektspesifikk dokumenthåndteringsprosedyre (PDP)» og generelle krav til BIM og geomatikk.
Kartgrunnlaget har normalt same målestokk og detaljering som C-teikningane. Fundament for elektriske installasjonar blir vanlegvis viste som ei I-teikning.
Det skal skiljast mellom tredjepartskablar og Bane NORs kablar til togframføring.
Detaljplan

I-DP-OB Føringsveg. Teikning som viser eit eksempel på føringsveg gjennom eit område. Teikninga er i målestokk 1:1000. Det er eit eige felt med rammer for tilvisingar, symbol og fargekodar og merknader.

I-DP-OB Fundamentplan. Teikning over fundamentplan for eit elteknisk hus i målestokk 1:500 og detaljer 1:50. Teikninga er nummerert som ein J-teikning, men bør nok vere ein I-teikning.