D-teikning: Stasjonsplanar, sidespor og vegar, plan og profil
D-teikningar omfattar plan- og profilteikningar for stasjonsområde, sidespor og vegar. På denne sida finn du eksempel på korleis slike teikningar kan utformast.
Utforminga av teikningar skal følgje krav i «STY-602913 prosjektspesifikk dokumenthåndteringsprosedyre (PDP)» og generelle krav til BIM og geomatikk.
Ei D-teikning tilsvarer ei C-teikning, men ho blir brukt for område som fell utanfor hovudføremålet til C-teikninga, eller når det ikkje er plass til å felle inn lengdeprofil for kryssande eller omlagde vegar, eller andre objekt som kjem fram på plandelen av den aktuelle C-teikninga. Typiske tema for D-teikninga er stasjonsanlegg, sidespor, vegar, atkomstvegar, anleggsvegar, driftsvegar, gang- og sykkelvegar og parkeringsanlegg.
Kartgrunnlaget for D-teikninga kan ha same målestokk, standard og detaljering som C-teikningane. Plan- og profildelen av teikningane kan brukast separat eller samla, avhengig av behovet for å presentere informasjonen.
Merk at D-teikningar for vegar skal følgje krav til C-teikningar frå Statens vegvesen.
Detaljplan

D-DP-OB Adkomstvegar til anlegg

D-DP-OB Lengdeprofil

D-DP-OB Landskapsplan. Ei detaljering av eit stasjonsområde som ikkje kan leggast inn i ei C-teikning. Det er brukt fargar og symbol for å gjere teikninga meir informativ. Det burde vært vurdert om tegningen heller burde vært en O-tegning.

Plan og profil veg. Ein detalj i målestokk 1:1000 rundt ei vegomlegging med plan og profil over detaljen. Teikninga er noko uferdig, og delen som ønskjast vist burde ha vore i ein større målestokk. Manglar påskrift om kjeldevising og koordinatsystem.

Plan og profil eks. veg – ny mur oppførast. Ein detalj over ei vegstrekning med tilhøyrande støttemur. Målestokk 1:200. Ulik målestokk i plan- og profilteikning, og profilteikninga burde vore meir informativ.
Byggeplan

D-BP-OB Plan og profil dritsveg og beredskapsplass